Tradisjonen tru når bana er spelbar etter avslutningsturneringa så arrangerer vi turneringa Lauvfall I, II, III, osb. til vi må stenge greenane for vinteren. Dei aller tøffaste golfarane stilde sjølv om snøen låg godt ned i Rotsethornet. Til tross for litt kvitt i fjellet så var det gode speleforhold. Det som kanskje var mest utfordrande var å spele med så mykje klede. Det var ingen som spelde betre enn sitt handicap men Johan Liadal var nærast med 34 poeng tett fulgt av Svein Aasen og Joar Voldsund på 33 poeng. Fjerdeplassen gjekk til Olav Trandal som gjekk på 31 poeng.
Vermeldingane til søndag 25. oktober ser bra ut så då arrangerer vi Lauvfall II, så her er det berre å melde seg på.
Joar Voldsund, Olav Trandal, Johan Liadal (vinnar) og Svein Aasen
Heile gjengen før utslag på hol 1
Rune Strømmen er klar til å slå inn på green 3 medan Joar Voldsund inspiserer svingen til Rune. Jan Egil Gretland plukker oppslegen torv og legg den fint på plass.