Bana er stengt 

Turneringssesongen 2014

Førebels terminliste vil bli innlagt på heimesida vår i løpet av kort tid. Lista er foreløpig, då datoane for turneringar i NordVest Tour samarbeidet ikkje er heilt avklara.

Det er i år nytt turneringsystem i golfbox som byr på visse utfordringar for administrasjonen mellom anna vil ikkje den enkelte spelar førebels få tilgang til liste over påmelde spelarar når ein melder seg på scrambleturnering. Når du melder deg på vil du få bekreftelse frå golfbox. Elles er påmeldingprosedyren litt annaleis, ta kontakt med turneringskommiteen viss du har problem.

Vi startar opp onsdag 23.04 med scrambleturnering og så vekslar det med Toyota Tour og scramble kvar onsdag/laurdag (til hausten)  ut sesongen.

Første 18 hols turneringa Vårspretten blir søndag 03.05 deretter vekslar det mellom klubbens 18 hols turneringar og NordVest Tour.

Vi vil spesielt oppmode våre nye spelarar om å delta på scrambleturneringane, dette er lærerikt og du blir lettare kjent med andre spelarar.

Den stor turneringa i år blir IBulgaria som blir 31. mai. 1. premien her blir ein golftur til Bulgaria. Nærare orientering kjem seinare.

I slutten av juni er det planer om ei ”grillturnering” dette blir bestemt med ei vekes varsel når verutsiktene er gode.

Vi vil også vurdere ei nattgolf turnering i månadskifte sept./ oktober viss oppslutninga blir god.

Turneringnemnda

Du finn den førebelse terminlista her.