I SkOlsen par-tre turneringa så vart alle utslaga flytta slik at kvart hol vart eit par-tre hol. Lengda på kvart hol varierte frå omlag 20 meter til omlag 150 meter. Det var Joar Voldsund som var den som mestra nærspelet best denne kvelden og gjekk av med sigeren. Johan Liadal gjekk likt med Joar men på grunn av høgare handicap kom han på andre plassen. Eit slag bak desse kom Svein Aasen.
Svein Aasen, Joar Voldsund (Vinnar) og Johan Liadal |