Då har vi trekt gruppene for gruppespelet. Det er 24 golfarar som er påmelde. Dei er fordelt på fire grupper med seks i kvar gruppe. Sjå gruppene under. Både gruppene og rekkjefylgja er trekt tilfeldig. Kvar spelar er sett opp i match mot den som er over og under seg på lista i tillegg til den som er tre nedom/oppom. Dette gir då tre matchar for kvar spelar i gruppespelet.
- Matchar i gruppespelet går over ni hol
- Front eller back vert trekt før de går ut.
- Det skal spelast med fullt spelehandicap
- Seier gir 2 poeng og uavgjort gir 1 poeng
- Ved lik poengsum så er det tal på hol opp som avgjer. Om det då fortsatt er likt så vert det omspel til vi har ein opp.
- Dei to beste i kvar gruppe går vidare til kvartfinalen.
- Resultat i matchane i gruppespelet skal de sende til Olav (
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. ) - Alle matchane i gruppespelet skal vere ferdige til 17. juni
De har kanskje sett at det er nokre endringar frå det opprinnelege oppsettet. Vi har etterkvart oppdaga at det var ein del føresetnader som vi ga som ikkje let seg gjennomføre i praksis då det var logiske bristar. Dette er første gongen vi gjennomfører gruppespel i matchplay cupen så vi lagar litt vegen medan vi går og så får vi ta med erfaringane til neste år så det vert endå meir straumlinjeforma.
Målet vårt er å gjere matchplay cupen meir attraktiv og at spelarane får fleire matchar og ikkje er ferdig etter den eine om dei skulle tape. Om ein går ei dårleg runde så har ein kanskje mulighet til å kome seg vidare til sluttspelet likevel. Vi håper at dette er eit konsept som de vil like og som gjer at vi får med fleire på matchplay cupen i åra framover.
Gruppe 1 | Gruppe 2 | Gruppe 3 | Gruppe 4 |
Idar Arne Rebbestad | Jan Erik Myklebust | Torstein Akslen Lianes | Olav Andre Trandal |
Sindre Winjevoll | Trond Are Ryste | Joar Voldsund | Helge Eltvik |
Dag Thore Hagen | Per Kristian Langlo | Webjørn Yksnøy Bergmann | Are Myklebust |
Lars Kåre Vikestrand | Johan Liadal | Jan Trygve Gretland | Helge Haram |
Rune Strømmen | Håvard Dalsbø | Peder Barstad | Jostein Digernes |
Bjørn-Arve Korsfur | Jan Egil Gretland | Svein Aasen | Terje Kalvatn |
Matchar gruppe 1 | Matchar gruppe 2 | Matchar gruppe 3 | Matchar gruppe 4 |
Idar Arne - Sindre | Jan Erik - Trond Are | Torstein - Joar | Olav - Helge E |
Sindre - Dag Thore | Trond Are - Per Kristian | Joar - Webjørn | Helge E - Are |
Dag Thore - Lars Kåre | Per Kristian - Johan | Webjørn - Jan Trygve | Are - Helge H |
Lars Kåre - Rune | Johan - Håvard | Jan Trygve - Peder | Helge H - Jostein |
Rune - Bjørn-Arve | Håvard - Jan Egil | Peder - Svein | Jostein - Terje |
Bjørn-Arve - Idar Arne | Jan Egil - Jan Erik | Svein - Torstein | Terje - Olav |
Idar Arne - Lars Kåre | Jan Erik - Johan | Torstein - Jan Trygve | Olav - Helge H |
Sindre - Rune | Trond Are - Håvard | Joar - Peder | Helge E - Jostein |
Dag Thore - Bjørn-Arve | Per Kristian - Jan Egil | Webjørn - Svein | Are - Terje |