Vårspretten Felleskjøpet Open vart utsett ei veke i høve oppsett plan noko som var fornuftig. I staden for snøbyger så var det lettskya med stadige solgløtt. Det var mykje godt spel og John Ivar Stennes gjekk av med sigeren på -3. På andre plass kom Lars Kåre Vikestrand som er i kanonform for tida og gjekk nok ein gong på -2. Om dette fortsetter så er det ikkje lenge før han er scratch-spelar. I grøntkort-klassa var det Håvard Dalsbø som vant. Han starta turneringa med 46 i handicap og gjekk på heile -12. Det gjer at dette vart både første og siste turneringa hans i grøntkort-klassa. Etter turneringa så er han nede på 35,5 i handicap og må stille i herre-klassa i neste turnering. Premiane kom frå friluftsavdelinga til turneringssponsor Felleskjøpet.
Lars Kåre Vikestrand, Per Kristian Langlo, Håvard Dalsbø (Vinnar GK), Harald Indresøvde, Arnfinn Strande og John Ivar Stennes (Vinnar) |