Sjølv om vi i dag har hatt dugnad og tatt det som må til for at bana kan opnast så er det noko arbeid vi treng hjelp til i tida framover for at bana og tilhøyrande fasilitetar skal sjå innbydande ut. Det vi treng hjelp til er:
- Plukke greiner/kvistar som ligg på bana etter vinteren og kaste dei i skogen på ein høveleg stad. (Det aller meste er fjerna men det er store område og vi har nok ikkje fått fjerna alt)
- Maling av driving range og klubbhus. (Det vart sneka på 10 liter maling i dag men det rakk berre til delar av innsida på drivingrangen. Eg skal kjøpe meir maling på måndag ettermiddag. Om nokon treng det tidlegare så kan dei ta kontakt med meg så skal dei få fargekode m.m. Det er ein brukt pensel i som er pakka inn som ligg i buda i drivingrangen og ein ny ligg i skuffa på kjøkkenet.)
- Liste rundt dørene og sette på hjørnebord. (Åge Eikrem har sagt han kan ordne dette)
- Rydde rundt klubbhuset. (Ta ut det som er av rot/søppel under terrassen og legge det på hengaren som står ved løda)
- Montere skiltplatene til stativa. (Det må borast hol i skilta og skru dei fast. Ta kontakt for instruksjon)
- Sette opp dei nye skilta. (Vi skal låne ei lita gravemaskin som vi skal bruke til å grave hola til festa. Skilta må monterast på festa. Vi treng nokre få personar til å hjelpe til med dette.)
- Ser du anna forefallande arbeid så er det berre å ta eit tak,
Takk for ditt bidrag til klubben!