Hei
2018 går mot slutten ag ventetida mot ny golfsesong er i gong. Styret har varsla ynskje om å gjennomføre årsmøtet relativt tidleg i 2019, slik at det nye styret har god tid til å planlegge 2019-sesongen.
På årsmøtet i 2019 kjem klubben i ein situasjon der neste heile styret sit på val samtidig. Fleire av medlemmane i det sittande styret, både leiarrolle og ordinære styremedlemmar, har varsla at dei ikkje ynskjer attval.
Valnemnda i Volda Golfklubb treng derfor innspel/forslag frå medlemmane i klubben.
Dersom DU har eit forslag til ein aktuell kandidat for ei rolle i styret, eller om du sjølv sit inne med eit ynskje om å bidra - ta kontakt med ein av medlemmane i valkommitèen - Ole Magnus Orlien, Helge Eltvik eller Stein Gisle Monsholm.
Valnemnda i Volda Golfklubb