4. august blei nok ein merkedag i Volda GK si historie. Etter unik innsats av ei lita gruppe av medlemmane så har det kome på plass 18 nye utslag dette året. Desse vart opna den 4. august og vi kan no spele på 18 forskjellige utslag både frå raud og gul tee. Bana er i meget god stand og alle greenane er meget bra.
Det vart òg spelt jubileumsturnering denne dagen der det var monge tilreisande spelarar som tok del. Sigeren og andreplassen gjekk til lag frå Ålesund GK, medan tredje- og fjerdeplass gjekk til lag frå Volda og Vanylven GK.