Klubbmeisterskap 2021

Klubbmeisterskapet 2021 gjekk under fantastiske speleforhold i strålande ver. Sjølv om ikkje alt spelet var like strålande så kosa dei aller fleste seg desse to dagane. Nokre midt på resultatlista skylda på nyleg sett andre dose av koronavaksina, som gav litt ømme armar. Om lista hadde sett annleis ut utan vaksinesprøyte får vi aldri vite.

 

Som vinnar av stort sett alle klubbmeisterskap han har stilt opp i, måtte Ole Magnus tole å ha favorittstempelet denne helga. Sjølv med eit visst press så innfridde Ole Magnus og leverte to gode runder på 67 og 72 slag. Runda på 67 slag er lågaste registrerte score etter endring av bana for eit par år sidan. Ole Magnus gjekk på -1 totalt og vart med det klubbmeister med heile 13 slag foran nummer to som var Lars Kåre Vikestrand.

 

Det er dessverre ikkje så mange konkurrentar for Mari Chluba i dameklassa, men Mari lot ikkje det påverke spelet og leverte to sterke runder på 77 slag. Ho gjekk med det inn på tredje beste score denne helga, berre slått av Ole Magnus og Lars Kåre.

 

I senior klassa (over 50 år) var det Petter Hansen som gjekk av med sigeren. Joar Voldsund leia etter første dag, men måtte sjå seg slått av Petter som gjekk ei veldig sterk runde på 74 slag på søndagen. Tredjeplassen i denne klassa gjekk til Johan Liadal.

 

Det er heller ikkje så mange konkurrentar til Iben Louise Hansen i junior klassa, men Iben leverte veldig bra på søndag og var den som gjekk best på søndagen i høve sitt handicap. Det gjorde at ho også vant stableford klassa, eit poeng foran pappa, Petter Hansen. På tredjeplass kom Rune Strømmen med lik poengsum som Petter, men med eit høgare handicap.

 

Det var også konkurrert om nærast holet på hol 7/16 og lengste utslag. Lars Olav Winjevoll var den som klarte å kome nærast holet. Jan Egil Gretland hadde lengste utslag frå gult og Mari Chluba frå raudt.

 

2021 08 22 16.39.14

Jan Egil Gretland, Lars Olav Winjevoll, Ole Magnus Orlien (Klubbmeister herre og vinnar brutto vaksen), Lars Kåre Vikestrand, Mari Chluba (Klubbmeister dame og vinnar brutto dame), Joar Voldsund, Rune Strømmen, Petter Hansen (vinnar brutto senior) og Iben Louise Hansen (vinnar brutto junior og stableford)

 

Resultat KM stableford

Resten av resultata finn de ved å klikke her!

 

2021 08 22 14.32.01

Leiarballen på hol 12. (Joar, Ole Magnus, Mari og Lars Kåre)

 

2021 08 22 12.28.14 

Dei næraste utfordrarane til topplasering står spent å ventar på å få slå ut på hol 4. (Jan Egil, Dag Roar, Sindre og Rune)

 

2021 08 22 15.55.38

Ole Magnus puttar for birdie på hol 18. (Gjekk av med par)

 

2021 08 22 15.47.53

Publikum fylgjer spent med på leiarballen på siste holet.

 

2021 08 22 15.58.11

Kontroll av scorekort etter endt runde.