Sparebank 1 Invitational 2021 (invitasjon)

Då er det med stor glede vi kan invitere til Sparebank 1 Invitational 2021. På grunn av GDPR så kan ikkje banken lagre data om kundane som spelar golf og sende ut invitasjon direkte til dei. Vi legg difor ut invitasjonen her og inviterer ALLE til å melde seg på turneringa. De finn den i golfbox eller de kan gå direkte til turneringa ved å klikke her.

 

Det er ikkje startkontigent på denne turneringa. Det vert flotte premiar frå Sparebank 1 i tillegg får de ein liten matbit og drikke før de går ut og når de kjem inn igjen. Turneringsforma er scramble med trear- eller firarlag alt etter kor det går opp med påmeldinga. Har de ynskje om spelarar de vil gå i lag med så kan de skrive inn det i kommentarfeltet ved påmelding.

Vel møtt til ein flott golfdag i Vassbotnen!

 

Sparebank 1 Invitational 2021