Det spørs om det var vermeldingane eller utfordringa med å gå turnering med berre to køller som skremde nokre frå å delta i kveldens turnering. Men 13 av klubben sine tøffaste golfarar stilde til turnering med to køller og paraply i baggen. Turneringa starta i strålande solskin før himmelen opna seg og vi fekk ei skikkeleg austlandsregnbyge. Det gjekk heldigvis ikkje så lenge før sola kika fram igjen og regnvåte golfarar tørka opp igjen.
80 åringen Svein Aasen slår knappast eit feilslag med 14 køller i baggen, og viste i kveld at det ikkje var noko problem med to køller i baggen heller. Han tok førsteplassen framfor Kristian Strand med lågare handicap. Begge gjekk på par. Rune Strømmen tok tredjeplassen med lågare handicap enn Jarle Nes som begge gjekk på +2.
Det er veldig kjekt at vi får med grøntkort spelarar på onsdagsturneringane. I kveld var det med 3 stykker. Den som gjekk best og vart vinnar i grøntkortklassa, var Erik Mariuis Riise som gjekk på +4. Bak han var det Svein Sporsheim på +6 og Anders Kalvatn på +9.
Erik Marius Riise (vinnar GK), Kristian Strand, Rune Strømmen og Svein Aasen (vinnar)
Ei heftig regnbyge med dropar "nesten" så store som golfballar. Rune puttar på green 3.
Så skein det opp igjen og vart ein strålande kveld. Her frå hol 4.
Svein Sporsheim puttar på green 7.
Innspel på siste holet.