Ønskjer du å bli medlem i Volda Golfklubb, må du først gjennomføre kurset "Veien til Golf" (VTG). Nedanfor finn du ei stegvis rettleiing som viser korleis du går fram – frå teori og praksis til spel på bana og full spelerett.
Del 1: Teori
- Første del er eit E-læringskurs som tek deg gjennom teorien. Alle kursdeltakere må gjennomføre teoridelen først.
- Lenke til e-læring (innlogging via Idrettens ID): https://ekurs.nif.no/course/index.php?categoryid=224
- Varigheit: om lag 1 time.
Etter gjennomført teoridel får du eit kursbevis. Dette sender du til adresse:
Del 2: Praktisk kurs
- Praktisk trening – Introduksjon til svingteknikk, putting og chip/pitch/bunker på treningsfeltet til Volda Golfklubb i Vassbotnen.
- Grunnleggende opplæring i golfslag og teknikk, inkludert GOBBS (grep, oppstilling, ballplassering, balanse og sikte).
- Varigheit: om lag 5 timar.
Del 3: Banespel
No er banespel i lag med fadder ein valfri del, men frå og med sesongen 2027 vert banespel obligatorisk. Vi vil på det sterkaste oppmode om at de spelar nokre runder i lag med ein meir rutinert spelar for å få inn gode vanar på golfbana og få prøve teorien i praksis. Om du manglar nokon å spele med så kan klubben hjelpe til med å skaffe ein fadder.
Del 4: Spel på eiga hand
Etter at du er ferdig med del 2 vil du bli registrert i vårt medlemssystem Golfbox og vil få tilsendt e-post med lenke til å sette passord, m.m. Du bør laste ned appen Gimmie som du nyttar for å booke starttid, få nyheiter og meldingar frå klubben, m.m. Du kan no booke deg starttid i Gimmie og spele så mykje som du ønskjer på bana vår i Vassbotnen. Gå i lag med andre golfspelarar og registrer rundene dine slik at du får eit rett handicap. Når du har blitt medlem i Volda golfklubb så får du også nasjonal spelerett. Dette gjer at du kan spele på andre baner mot å betale greenfee (speleavgift) til den klubben du skal spele på. Det er stor forskjell i pris frå bane til bane. Du finn som regel prisliste på klubben sine nettsider eller når du bookar tid i golfbox/Gimmie.
