Bana er open

Dugnad og dugnadsturnering

På grunn av det milde veret vi har hatt og vervarselet framover så tenkjer vi å opne bana frå helga av. Før opning av bana så må bana gjerast klar for sesongen.

Vi kallar difor inn til dugnad på laurdag 21. mars kl. 10 og held på til om lag 13:30. Då vert det pizza før ein går ut på turneringa om lag kl. 14. Turneringsavgifta er gjennomført dugnad.

Drivingrangen vart klargjort forrige helg, men det var for vått til å setje i gong ballplukkaren. No har den fått seg ei veke ekstra og det har fått tørka opp ein del. Vi opnar difor også drivingrangen på laurdag.

Det som må gjerast på bana:

  • Rake green 1 og 9 (spesielt 9 som får ein del nedfall frå grana).
  • Rake bunkerane. 
  • Plukke greiner på heile spelefeltet. (smågreiner fester seg i klipparane når dei vert sett i drift)
  • Rydde på hol 7 (og 4) etter skogshogst. Få alle greinene opp i skogen og forbi kvitestakane. 
  • Rette opp stakar som har lagt seg i vinter.
  • Om mogleg få murt opp igjen det som har rasa ut i muren på borga.
  • Oppflising av greiner frå trefelling på hol 4
  • Om nokon har kompetanse og vil arbeide i løda så er det litt arbeid der også.
  • Eventuelt anna arbeid.

Om nokon ønskjer å starte på arbeidet tidlegare i veka så set vi pris på det. 

Sjølv om vi opnar bana og drivingrangen til helga så er det framleis mars månad og vi veit at veret raskt kan snu. Bana kan difor bli stengt igjen på kort varsel om det er fare for snø eller frost. Det er viktig at de følgjer med på golfbox/gimmie. Er det lagt inn sperring på bookinga så skal det ikkje spelast på bana. Vi kjem til å sperre dei første starttidene framover slik at vi minimerer risikoen for at nokon går ut på om det skulle vere litt frost på natta. Spesielt dagar med fint ver så kan temperaturen på natta kome på feil side.

Vel møtt på dugnad!

2025 03 22 12.09.06