Vi har hatt ein lang og fin sesong og bana har vore veldig fin heilt til det siste. No kjem vinteren sigande og vi må difor stenge bana for sesongen. Det er no strengt forbode å spele på bana sjølv om det kjem mildver. Det vert vurdert om vi skal lage vintergreenar. Om vi gjer det så vil vi publisere det på nettsida.
Vi håper på ein kort og mild vinter slik at bana er klar for spel tidleg på våren! Vi har heldigvis simulatoren vår i Strandgata i Ørsta som vi kan bruke medan vi venter på våren. Booking gjer de i Gimmie appen. Hugs å velje Trackman simulator i staden for golfbana i Vassbotnen. Ønskjer de å vere med på turneringane som vi arrangerer på simulator så kan de sende ei melding til Sindre Winjevoll som legg deg inn. Det kostar ikkje noko å vere med på turneringane og du kan prøve to gongar i løpet av månaden og den beste runda vert ståande. Det vert fine premiar til vinnarane.
Ein stor takk til alle som har bidratt på bana og på drivingrangen gjennom sesongen.
