Bana er stengt

SkOlsen touren 2025 samanlagt

Det var spenning heilt til siste runde i SkOlsen touren der Olav Trandal leia med eitt slag på Joar Voldsund etter 11 runder.  Jan Egil Gretland var tre slag bak der igjen og var også på skothold. Johan Liadal var den som åt seg mest inn på leiinga med sin -4 på SkOlsen Tour 12. Dette gjorde at Johan tok fjerdeplassen frå Jon Andre Rebbestad. Det var ingen av dei tre i tet som klarte å forbetre seg på siste runda og Olav Trandal tok då sin første samanlagtsiger i SkOlsen Touren på 163 slag. Bak han så gjekk Joar Voldsund på 164 slag, Jan Egil Gretland på 167 slag, Johan Liadal på 170 slag og Jon Andre Rebbestad på 171 slag.

Order of Merit for SkOlsen Tour 2025 finn de her

I fjor så starta vi også med premiering også for brutto-klassen. Jan Egil Gretland tok ein overlegen siger i denne klassa. Han gjekk på 176 slag. Neste på lista var også her Joar Voldsund som gjekk på 183 slag. Tredjeplassen gjekk til Kai-Are Strande på 185 slag. Vidare på lista så gjekk til Olav Trandal på 191 slag og Petter Hansen på 193 slag.

Order of Merit for SkOlsen Tour brutto 2025 finn de her

I tillegg så har vi ei klasse utan premiering, det er Eclectic. Då er det beste scoren på kvart hol gjennom heile sesongen som vert ståande. Joar Voldsund og Jan Egil Gretland delte denne klassa med 61 slag. Petter Hansen kom på tredjeplass på 63 slag. Olav Trandal og Kai-Are Strande delte fjerdeplassen på 65 slag.

Order of Merit for SkOlsen Eclectic 2025 finn de her

Ein stor takk til vår turneringssponsor SkOlsen som har levert fine premiar til oss både til kvar turnering og til samanlagtvinnarane.

SkOlsen logo

65 spelarar har delteke på ei eller fleire av SkOlsen tour turneringane i år og 22 spelarar har fem eller fleire turneringar. Jostein Digernes var den einaste i år som har gått alle 12 turneringane i SkOlsen touren. Fire spelarar har gått 11 av dei. 

Det var vanskeleg å finne eit bilete med alle vinnarane men i jubileumsturneringa til Tor Olsen så var alle samla.

2024 06 02 16.16.35 2

Olav Trandal heilt framme til venstre (vinnar av SkOlsen Tour 2025), Jan Egil Gretland i midten over K-en (vinnar av SkOlsen Tour brutto 2025 og SkOlsen Tour Eclectic 2025) og Joar Voldsund nummer 2 frå høgre i bakerste rad (vinnar av SkOlsen Tour Eclectic 2025).