Bana er stengt

Nattgolf

Fredag 26. september var det gode meldingar og vi valde å gjennomføre årets nattgolf. Det vart ein strålande kveld utan ei sky og som sanger seier "ein himmel full av stjerner ...". Vi gjekk hol 3, 6, 5, 7, 8 og 9 tre gongar, der dei to beste resultata frå kvart hol vart ståande som teljande. 21 spelarar var med og alle fekk med seg ein sjølvlysande ball. Det var også nokre ekstra ballar i kvar flight. Dessverre så viste det seg at den ballen som har testa og som har fungert fint i test, ikkje tålte dei aller hardaste slaga og den skrudde seg av. Det vart dessverre litt for mange ballar som slutta å lyse, så nokre spelarar måtte dessverre gi seg før dei fekk gått alle 18 hola. 

Av dei som fekk minst to heile runder så var det Ole Gretland som gjekk aller best. Han var den einaste som gjekk betre enn sitt handicap og enda på +3. På andreplass kom Lukas Anthony Johansen på sitt par. Det vart ein delt tredjeplass på -2 mellom Joar Voldsund og Jon Andre Rebbestad. Vi hadde med to grøntkortspelarar, men den som kom seg rundt med lysande ballar og tok førsteplassen var Robin Andre Grinde på -3.

Heile resultatlista finn de her.

Ole Gretland gjekk veldig bra på laurdagen også, så om de lurer på korleis vinnaren ser ut så kan de sjå det i neste artikkel.

2019 09 27 23.33.29

NB! Det var ikkje denne typen ball som slokna!!