Bana er stengt

Olyo Juniortour

21 deltakar var påmeldt Olyo Juniortour i Volda. Det var deltakarar i tre klasser. Gutar 14-15 år brutto/netto, Jenter 16-19 år brutto/netto og gutar 16-19 år brutto/netto. Det var meldt eit forferdeleg ver denne dagen, men det vart heldigvis ikkje så gale, og det var faktisk nokre korte stunder med sol. Vermeldingane skremde nok nokre av deltakarane og det var nokre som ikje møtte. I tillegg til dei ulike klassene så var det konkurrert i nærast pinnen på hol 7/16 og lengste utslag på hol 18. Filip Berge Sæbø var den som var nærast pinnen og landa om lag 90 cm frå holet. Noah Moseng Rygh slo lengst i G16-19 og Theo Ødegaard i G14-15.

Her finn de resultatlistene frå Olyo Juniortour i Volda. Skift klasse oppe til høgre

2025 09 21 15.52.09

Alle premievinnarane på Olyo juniortour i Volda.

Det var i klassa gutar 16-19 år det var mest som stod på spel. Det vart delt ut viktige poeng for kvalifisering til neste års Srixon Tour. I denne klassa så var det Marius Søvik Hjelle som dominerte i både brutto og netto. Han gjekk på 66 slag og -3 netto. Bak Marius så var det Amund Løndal Sødergren og Adrian Rein som gjekk på 71 slag. Desse gjekk også likt på netto på +3. Volda GK hadde med tre spelarar i denne klassa. Stian Gaudestad gjekk på 82 slag, Andreas Nupen på 83 slag og Lukas Anthony Johansen på 89 slag.

2025 09 21 15.50.37

Amund Løndal Sødergren, Marius Søvik Hjelle (vinnar) og Adrian Rein.

I klassa gutar 14-15 år så var det litt forfall både før og under runda. Dei tre som kom på topp der var Petter Mattingsdal frå Stiklestad GK på 72 slag, Theo Ødegaard frå Ålesund GK på 83 slag og Alexander Bjerkvik frå Volda GK på 84 slag. Det var Petter som også vant netto med +5. 2. og 3. plassen var bytta om og Alexander tok 2. plassen med +7 og Theo på +8. 

2025 09 21 15.50.57

Theo Ødegaard, Petter Mattingsdal (vinnar) og Alexander Bjerkvik.

I jenter 16-19 år så var det to deltakarar, men Ingrid Paasche måtte kaste inn handkleet med ein dårleg rygg halvvegs i turneringa. Ho gjennomførte som markør for Lisa Strand Kastås som vant på 88 slag og +5 i netto.

2025 09 21 15.51.13

Lisa Strand Kastås (vinnar)

Nokre bilete frå turneringa:

2025 09 21 12.55.40

2025 09 21 13.08.45

2025 09 21 13.11.58

2025 09 21 13.24.39

2025 09 21 13.27.23

2025 09 21 13.36.36

2025 09 21 14.14.07

2025 09 21 14.14.19

2025 09 21 15.02.06