I nydeleg haustver gjekk årets første onsdagsturnering i helga. NB! Onsdagsturneringane går enten laurdag eller søndag framover på grunn av dagslyset. Det vart spelt Fourball der det var toarlag og beste scoren i laget på kvart hol var teljande. Helge Eltvik hadde fått ein god makker i Frank Sverre Skorpen og denne duoen gjekk på heile -8 og tok ein klar siger. Andreplassen gjekk til Terje Ona og Erik Tollås frå Ålesund Golfklubb. Dei gjekk på -5. Det vart delt tredjeplass på Harald Indresøvde og Per Kristian Langlo, og Tom Slenes og Reidar Møistad.
Heile resultatlista finn de her.

Terje Ona, Tom Slenes, Erik Tollås, Frank Sverre Skorpen (vinnar), Helge Eltvik (vinnar), Harald Indresøvde, Per Kristian Langlo og Reidar Møistad.