I litt overskya ver men med veldig god temperatur og stadige fønvindar som kom som ein hårfønar over bana, så stilde 21 spelarar til den tiande turneringa i årets SkOlsen Tour. Best av alle denne kvelden var Jon Andre Rebbestad som gjekk på 35 slag (banepar) og med det på heile -5 på sitt handicap. Andreplassen gjekk til Alexander Bjerkvik på -3, med Jan Egil Gretland hakk i hel på -2. Per Heltne gjekk på -1 og kom på fjerdeplass.
Etter 10 spelte turneringar så er det tett i toppen på Order of Merit. Olav Trandal leder no samanlagt med eit poeng betre enn Joar Voldsund. Ein skal heller ikkje avskrive Jan Egil Gretland som ligg fire poeng bak Joar. Jan Egil bruker å ha ei god haustform. Jon Andre ligg rett bak Jan Egil og kan også kome som ein sterk outsider om han spelar slik han gjorde i dag på dei to siste turneringane. Her vert det spenning heilt til slutt. I bruttoklassen i OOM så er det Jan Egil som har ein klar leiing på 179 poeng og som nok vert vanskeleg å ta igjen. Joar Voldsund ligg fire slag bak, og Kai-Are Strande ligg seks slag bak Jan Egil.
Heile resultatlista finn de her

Per Heltne, Alexander Bjerkvik, Jan Egil Gretland og Jon Andre Rebbestad (vinnar)