Torsdag 28. august var det vår hovudsponsor Sparebank 1 SMN som inviterte til turnering i Vassbotnen. Denne gongen prøvde vi ei turneringsform som vi ikkje har prøvd ut før. Det var Irish Rumble, der alle spelte som vanleg, men beste scoren i stablefordpoeng på hol 1 til 6 vart teljande, dei to beste scorane på hol 7 til 12, dei tre beste scorane på hol 13 til 17 og alle fire scorane på hol 18. Laget som gjekk best ut frå sitt handicap og tok ein klar siger var Marco Sande, Trond Heltne, Anders Fuglebakk og Mats Winjevoll. Dei gjekk på 96 poeng. Fem poeng bak kom to lag som delte andreplassen. Det eine var Sparebank1-laget med Runar Gretland, Ole Christian Heltne, Bjørn Egil Espenakk og Reidar Møistad. Det andre laget var Gretland-laget med Jan Trygve Gretland, Per Olav Gretland, Jan Egil Gretland og Olav Trandal.
Heile resultatlista finn de her
Det var også konkurrert i lengste utslag og nærast pinnen. Lengste utslaget på hol 18 hadde Thomas Pettersen og nærast pinnen var Ole Christian Heltne. Ole Christian landa 8 cm frå holet på hol 7/16.

Olav Trandal, Jan Egil Gretland, Per Olav Gretland, Jan Trygve Gretland, Thomas Pettersen, Marco Sande, Mats Winjevoll, Trond Heltne, Anders Fuglebakk, Runar Gretland, Ole Christian Heltne og Bjørn Egil Espenakk. Bak står Frank Vatne frå vår hovudsponsor Sparebank 1 SMN.
Før utslag så var det kyllingwraps med bacon til alle deltakarane. Når ein kom inn igjen og venta på premieutdelinga så var det tapas. Maten var levert av Osdal Catering.

Praten gjekk lett i det fine veret.

Alexander Bjerkvik og Lukas Johansen som hadde fått fri frå skulen for å delta i turneringa.

Frank Vatne deler ut premiar. Helge Eltvik og Johan Liadal følgjer spent med på om dei har hamna på topp 3 og får premiar frå Sparebank 1 SMN.

Ein spent gjeng følgjer med på premieutdelinga