Bana er stengt

Klubbmesterskapet 2025

Årets klubbmesterskap gjekk i litt surt haustver med skodda langt ned i fjella. Dei 23 spelararane var fordelt på tre brutto klasser, brutto junior, brutto vaksen og brutto senior. I tillegg var alle med i Stableford klassa. For sekstande gong så gjekk Ole Magnus Orlien heilt til topps og vart klubbmester for herrar. Ole Magnus vant brutto vaksen klassa på 137 slag som er -3 på banepar. Nærast i kampen om å bli klubbmester var Andreas Nupen som gjekk på 142 slag og med det tok sigeren i brutto junior klassa. Andreas gjekk på 68 slag på dag to og tok inn litt på forspranget. I brutto senior så var det Jan Egil Gretland som vant på 146 slag. I stableford klassa var det Jan Trygve Gretland som vant på 74 poeng.  Premiane er gåvekort frå vår skoleverandør, SkOlsen.

Resultatlistene for alle klassene finn de her

Det var også konkurrert i nærast pinnen og lengste utslag. Den som var nærast var Johan Liadal som var litt over to meter frå flagget. Andreas Nupen hadde lengste utslag på hol 18.

2025 08 24 16.29.38

Lars Kåre Vikestrand, Johan Liadal, Petter Hansen, Jan Trygve Gretland (vinnar Stableford), Jan Egil Gretland (vinnar brutto senior), Andreas Nupen (vinnar brutto junior), Ole Magnus Orlien (Klubbmester og vinnar brutto vaksen), Joar Voldsund, Lukas Anthony Johansen og Andreas Bjerkvik.

2025 08 23 10.59.36

Første Flighten frå dag 1. Kenneth Rusten og Ole Magnus Orlien ser på at Joar Voldsund slår ut.