Bana er stengt

Dugnad før klubbmesterskapet

Det nærmar seg klubbmesterskapet i tillegg til ein del andre turneringar. Vi ønsker at bana vår skal framstå som best mogleg no når vi går inn i haustsesongen. Det er gjort ein del dugnadsarbeid i det siste men vi ønskjer at fleire bidreg slik at vi får gjort mest mogleg før helga. Det vert ikkje dugnad på eit spesielt tidspunkt men vi ønskjer at dei som har tid kan hjelpe til når det høver. Det som er mest prekert er bunkarane som skulle vore luka og raka slik at dei ser skapelege ut. Ta med deg ei trillebår frå løda eller ein traktor om du er kjend med reiskapen og få det du fjernar frå bunkarane ut i skogen slik at det ikkje vert liggande igjen på bana. Ser du andre forefallande ting som skulle vore gjort så er det berre å ta eit tak. Det er alt frå å tøme teeklossane for knekte peggar og anna rusk til å rake i fairway for å få vekk overflødig gras. Alt arbeid er kjerkome for at vi framleis skal ha ei veldig flott bana å spele på.

 

2025 08 15 20.04.00

Utlegging av betongunderlag og nye matter.