I flaggturnering så er det om å gjere å kome lengst mogleg med sine slag (70 + tildelte slag) før ein plantar flagget. I år var det veldig jamt og det var berre fire flagg som var planta før hol 18. Det var også fire som hadde igjen slag etter at ein var ferdig med hol 18. Jan Egil Gretland og Joar Voldsund hadde eit slag igjen, og Helge Eltvik og Kenneth Rusten hadde heile tre slag igjen.
Joar slår ut på hol 19, medan konkurrentane står rundt å følgjer med.
Joar og Jan Egil hadde berre utslaget igjen. Joar hadde 55 meter igjen og tok 4. plassen medan Jan Egil hadde 43 meter igjen og tok 3. plassen. Kenneth og Helge hadde no to slag igjen. Helge var litt kort på innspelet og landa i "dammen" før green. Kenneth var litt lang og landa i roughen bak green. Helge hadde fri dropp og slo seg inn på green med putter. Han stansa 1,5 meter før holet og då var det opp til Kennet å kome nærare. Kenneth vart litt kort og ballen stoppa på 3 meter og han tok med det 2. plassen og Helge vant.
Jan Egil Gretland, Helge Trond Eltvik (vinnar), Kenneth Rusten og Joar Voldsund.
Resultatliste
Nr. | Hol | lengd | Namn |
1 | 19 | 1,5 m | Helge Eltvik |
2 | 19 | 3 m | Kenneth Rusten |
3 | 19 | 43 m | Jan Egil Gretland |
4 | 19 | 55 m | Joar Voldsund |
T5 | 18 | I holet | Dag Tore Hagen |
T5 | 18 | I holet | Per Heltne |
6 | 18 | 10 cm | Kai-Are Strande |
7 | 18 | 15 cm | Olav Trandal |
8 | 18 | 21 m | Peder Barstad |
9 | 18 | 22 m | Johan Liadal |
10 | 18 | 26 m | Jan Trygve Gretland |
11 | 17 | 50 cm | Tore Skåltveit |
12 | 17 | 1 m | Jostein Digernes |
13 | 17 | 8 m | Bjørnar Ingebrigtsen |
14 | 15 | Fringe | Arnfinn Strande |