Bana er opa

NVT Volda - Toyota Sunnmøre Open

Nordvest Tour Toyota Sunnmøre Open går inn i historia som den våtaste turneringa i manns minne.  Som for øvrig er ikkje er så lenge ... Området før green 1 som kan vere litt fuktig når det regnar vart omgjort til andedam. Det var nok endene som kosa seg mest i dette veret. Til trass for dårleg ver så var det fleire som leverte veldig god golf.

2025 06 01 13.31.01

Det var konkurrert i 8 klasser., brutto og Stableford jr., brutto og Stableford dame, brutto og Stableford herre, og brutto og Stableford senior.

I dameklassa så var det ein deltakar, Elsie Hansen, som vant i begge dameklassene,

I junior klassene var det Stian Gaudestad som vant i både brutto og Stableford. med Alexander Bjerkvik på andreplass i begge. 

I både brutto og Stableford senior så var det Jan Egil Gretland som tok sigeren på henholdsvis 74 slag og 37 poeng. I brutto herrer så var det Kelly Sprett frå Sunnfjord golfklubb på 77 slag på 2. plass og Mikael Schakenda på 83 slag på 3. plass. I Stableford var det Reidar Møistad som gjekk på sitt par (36 poeng) som tok 2. plass og Svein Solum på 35 poeng som tok 3. plass.

I brutto herre så var det veldig jamt og det vart omspel mellom Greg Skjeret Coleman (Ålesund golfklubb) og Øyvind Sægrov (Sunnfjord golfklubb) for å kåre vinnaren.

2025 06 01 16.23.54

Øyvind Sægrov slår seg inn på green 1.

2025 06 01 16.34.34

Greg Skjeret Coleman gjer seg klar for å slå seg inn på green 2, med spente tilskodarar i bakgrunnen.

Omspelet starta på hol 1, der Øyvind la seg fint til for eit litt lengre innspel. Ballen trilla heilt bak på green og han sette paret med to puttar. Greg slo utslaget sitt under eine bjørka og måtte ta eit straffeslag og droppe bak treet. Innspelet la han fint inn til pinnen og satte putten for par. Då var det vidare til andre omspelshol. På toaren la Øyvind seg i fringen i framkant medan Greg hamna litt til venstre for green. Øyvind feilbedømde dei våte og treige greenane og gjekk av med bogey etter tre puttar, medan Greg chippa seg fint inn og sette putten for par. Han tok med det sigeren i den første Nordvest Touren etter nokre år med pause. 

I Stableford herre var det Jon Andre Rebbestad som vant på 36 poeng. Bak Jon Andre var det Greg Skjeret Coleman og Øystein Steffenakk (begge frå Ålesund GK) som delte 2. plassen på 34 poeng.

Lengste utslag på hol 18 var det Alexande Brekke som hadde og fekk med seg ein longest drive greengaffel. Nærast holet på hol 7/16 var Jan Egil Gretland som la seg 64 cm frå holet. Han fekk seg ein fin closest to pin greengaffel.

Premiane var levert av Toyota Sunnmøre.

Toyota sunnmre logo

 

2025 06 01 16.16.40

Kelly Sprett, Jan Egil Gretland (vinnar brutto og Stableford senior) Alexander Bjerkvik, Jon Andre Rebbestad (vinnar Stableford herre), Stian Gaudestad (vinnar brutto og Stableford jr.), Alexander Brekke, Elsie Hansen (vinnar brutto og Stableford dame), Reidar Møistad, Mikael Schakenda, Greg Skjeret Coleman (vinnar brutto herre) og Svein Solum. (Øyvind Sægrov var i bilen for å hente køllene til omspel)

Ein stor takk til Janne, Oddvor og Tone som diska opp med kaffi, pølser, vafler og kaker og laga den gode ramma rundt turneringa. Det var eit kjærkome tilbod å få gå innom for ein matbit når ein runda og ei lita pause frå regnet. 

Alle resultata finn de her. Hugs på å skifte klasse opp til høgre.