Bana er opa

Vårspretten Ørn golf open

Årets første 18-hols turnering Vårspretten Ørn golf open gjekk i friskt vårver med sol frå blå himmel og nysnø i fjella. Det var heile 34 spelarar med og veldig kjekt med ein stor gjeng frå Sunnmøre golfklubb. For dei som ikkje kjenner til turneringssponsoren Ørn golf, så er det leverandøren vår til mini shopen. 

orngolf logo

Det var konkurrert i tre klasser, brutto jr./vaksen, brutto senior og Stableford. I brutto jr./vaksen klassa var det Oliver Sulebakk Sylte som gjekk best. Han gjekk på 76 slag. Nærast Oliver var Tore Johan Sætre på 80 slag og Jon Andre Rebbestad på 83 slag.

Heile resultatlista brutto jr./vaksen

I senior klassa var det jamt mellom Jan Egil Gretland og Joar Voldsund. Begge gjekk på 77 slag, men Jan Egil tok sigeren med beste siste 9 hol. På tredjeplass kom Kai-Are Strande på 80 slag.

Heile resultatlista brutto senior

I Stableford klassa så var det Magnus Haukeland som tok sigeren. Han gjekk på heile 44 poeng. Andreplassen gjekk til Frank Sverre Skorpen på 40 poeng. Deretter kom Joar Voldsund og Mathias Grehl på 38 poeng og Yngve Vadstein på 37 poeng. 

Heile resultatlista Stableford

I tillegg var det lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Kai-Are Strande var den som slo lengst på hol 18 og Frederik Degn var nærast pinnen. 

2025 05 04 15.55.31

Jan Egil Gretland (vinnar brutto senior), Kai-Are Strande, Yngve Vadstein, Magnus Haukeland (Vinnar Stableford), Tore Johan Sætre, Oliver Sulebakk Sylte (vinnar brutto jr./vaksen), Jon Andre Rebbestad, Joar Voldsund, Mathias Grehl, Frank Sverre Skorpen og Frederik Degn.