Bana er opa

SkOlsen Tour 1

Då er vi endeleg i gong med turneringssesongen og heile 28 spelarar stilde til start. Det var meldt litt fukt frå oven, men det skremmer ikkje spelesugne golfspelarar. Det var mykje godt spel i årets første runde i SkOlsen Touren, men det var Rune Strømmen gjekk best av alle ut frå sitt handicap og tok sigeren med -3. Det var delt andre plass med Joar Voldsund og Yngve Vadstein som begge gjekk på -2. Fjerdeplassen var delt mellom fire spelarar som gjekk på -1. Det var Jan Egil Gretland, Stein Gisle Monsholm, Sveinung Aasen og Geir Henning Kalvatn. 

SkOlsen logo

Det vart dessverre litt mykje som skjedde i etterkant av premieutdelinga slik at nettansvarleg ikkje fekk tatt bilde av vinnarane, men heldigvis så har eg fleire bilder av Rune som løftar pokalen.

2025 03 07 14.51.57

Vinnaren av SkOlsen Tour 1, Rune Strømmen.