Bana er stengt 

Grøntkortturnering 2021

Vi prøvde i fjor å arrangere ei grøntkort turnering (for dei med 36-54 i handicap). Då var det berre ein påmeldt og turneringa vart avlyst. Vi var litt spente på om det vart fleire påmeldingar i år, og det vart det. Vi er godt nøgde med at heile 7 spelarar var med på den aller første grøntkort-turneringa. For fleire av dei så var det den aller første turneringa dei har vore med på. Det var fire "juniorar" og tre godt vaksne karar som var med. Turneringa gjekk over 9 hol med stableford. Det var også konkurrert om lengste utslag på hol 9 og nærast holet på hol 7.

 

I juniorklassa var det Iben Louise som gjekk av med sigeren. Bak henne kom broren Aksel som var eit poeng framfor Andreas. Thea kom på fjerde plass. Andreas var både nærast holet og hadde lengste utslag.

 

I vaksenklassa var det Anders som gjekk best i dag med Erik Marius på andre plass og Lars Arne på tredjeplass. Anders hadde også lengste utslag, medan Erik Marius var nærast holet.

 

Vi kjem til å arrangere ei ny grøntkort-turnering etter sommaren. Då håper vi at vi kan få med endå fleire.

 

2021 06 05 15.16.35

Juniorklassa: Iben Louise Hansen (vinnar), Aksel Hansen, Thea Nilsen og Andreas Nupen

 

2021 06 05 14.39.06

Vaksenklassa: Lars Arne Muren, Anders Børtnes Kalvatn (vinnar) og Erik Marius Riise

 

2021 06 05 13.05.36

Andreas puttar på green 3.

  

2021 06 05 14.57.05

Thea puttar på green 9.

 

2021 06 05 14.13.37

Vaksenklassen på green 9.

  

2021 06 05 14.47.35

Andreas med lengste utslag på hol 9.

 

2021 06 05 14.05.55

Anders med lengste utslag på hol 9 i vaksenklassa.