SkOlsen flaggturnering 2020

24 golfarar var med på onsdagens SkOlsen flaggturnering over 18 hol. Dei første gjekk ut klokka 17 og dei siste gjekk ut klokka 18. Det vart litt strekk i feltet så det var over ein time å vente for dei første som kom inn til dei siste var ferdige. Det gjorde at dei fleste var reist heim så vi tek igjen premieutdelinga på neste onsdag når det er SkOlsen Tour 4.

På flaggturnering så er det om å gjere å kome seg lengst mogleg på sine slag. Bana er Par 70 og om du har 15 tildelte slag så har du 85 slag tildelt. Når dine slag er oppbrukt så plantar du flagget ditt.

Det første flagget dukka opp på green på hol 15 så var det jamt med flagg derifrå til hol 18. Johan Liadal vart vinnar og var einaste denne kvelden som kom til hol 19.

2020 06 17 20.56.40

Per Kristian Langlo, Johan Liadal (vinnar) og Petter Hansen

 

 

Resultatliste for dei ti som kom lengst.

1  Johan Liadal  Hol 19
2 Petter Hansen Green på hol 18
3 Per Kristian Langlo Green på hol 18 
4 Helge Eltvik Hol 18 men nærare enn Sindre som låg på green.
5 Sindre Winjevoll Green på hol 18 
6 Idar Arne Rebbestad Hol 18 
7  Harald Indresøvde Hol 18 
8  Rune Strømmen Hol 18
9 Jan Egil Gretland Green på hol 17
10 Joar Voldsund Green på hol 17

 

 

 

 

 

 

 

 

   

2020 06 10 18.38.02

Flighten med vinnar Johan Liadal på green 3.