Bana er opa 

Toyota Sunnmøre Matchplay cup 2020

Då nærmar det seg oppstart av Toyota Sunnmøre Matchplay Cup. Vi har utsett oppstarten ei veke då turneringane denne veka kom litt tett. 

 

Vi hadde i vinter ei undersøking som gjekk på turneringane og de fekk kome med tilbakemeldingar, også på Matchplay cupen. Alle bortsett frå to som var usikre meinte vi burde fortsette med gruppespel. Det var nokre endringar de ynskte og dei har vi tatt med i dei reviderte reglane under. Bl.a. minus poeng for tal hol ned og faste motstandarar frå gruppespel til sluttspel der vinnar i gruppe 1 møter nummer 2 i gruppe 2, osb. slik at ikkje gruppevinnarane spelar mot kvarandre.

 

Då er det berre å melde seg på!

 

Reglar for Toyota Sunnmøre Matchplay cup 

Gruppespel

  • Opp til 23 deltakarar så vert det fire grupper der dei to beste går vidare til sluttspel
    • Vinnar i gruppe 1 mot 2. plass i gruppe 2
    • Vinnar i gruppe 2 mot 2. plass i gruppe 1
    • Vinnar i gruppe 3 mot 2. plass i gruppe 4
    • Vinnar i gruppe 4 mot 2. plass i gruppe 3
  • Det vert tilfeldig trekning av gruppene
  • Det vert spelt matchar på 9 hol med fullt spelehandicap.
  • De skal gå alle 9 hola og oppgi tal opp etter 9 hol
  • Front eller back vert trekt av dei som går matchen før dei går ut på hol 1 eller 10.
  • Siger gjev to poeng og uavgjort gjev 1 poeng
  • Om det vert lik poengsum så er det totalt tal på hol opp (og ned) som avgjer. Om det også vert likt så tek vi omspel på dei som er like til ein har eit hol opp.
  • Laurdag 30. mai vert felles oppstartsdag og vi håper flest mogleg har mulighet til å vere med den dagen.
  • Om det ikkje høver så kan ein bruke heile veke 23 og 24 til gruppespel.
  • Resultat etter kvar match i gruppespelet sender de til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

 

Sluttspel

Sluttspelet skal spelast over 18. hol med fullt spelehandicap
Kvartfinalane vert spelt frå 15. juni til 30. juni
Semifinalane vert spelt frå 1. juli til 15. august
Finalen og bronsefinalen vert spelt frå 15. august til 1. september
Avvik frå oppsett plan må avtalast med turneringsnemda.
resultatet etter kvar match i sluttspelet kan de sende som tidlegare til Webjørn Yksnøy Bergmann som vil oppdatere resultata i Golfbox.

 

Toyota sunnmre matchplay cup