Bana er stengt 

SkOlsen Tour 1 - 2020

Harald Indresøvde

Det er endeleg turneringssesongen i gong igjen, Heile 29 stykker var påmeldt til turneringa i kveld. Harald Indresøvde (arkivbilete) gjekk ei veldig god runde og gjekk av med sigeren med -4. Jan Egil Gretland som hadde ein svært god sesongavslutning i fjor held fram med godt spel. Han var rett bak Harald på -3. Rune Strømmen og Per Arve Hovde delte tredjeplassen på -1. 

 

Det var to spelarar med i grøntkort klassa. Der var det Svein Andreas Sporsheim som gjekk av med sigeren med Jarle Nes på andreplass.

 

På grunn av Koronarestriksjonar så var det ikkje premieutdeling etter turneringa. Premiane vert leverte ut før utslag på neste turnering. Nokre har kanskje observert at dei tre siste hola var tatt vekk frå "live scoren". Det er ein funksjon i golfbox som vi kjem til å fortsette med for å halde på spenninga slik at ikkje alle veit resultatet før det vert publisert. Når turneringsnemda lukkar for scoreinntasting så vert resultatet publisert med alle hola.

 

Neste turnering er Vårspretten Felleskjøpet Open som vert på søndag 10. mai. Vi håpar at veremeldingane endrar seg fram mot helga slik at vi kan arrangere som planlagt. Om det skulle bli snø så må vi flytte turneringa ei eller to veker fram i tid.

 

 

Resultat SkOlsen Tour 1 2020

Resultat SkOlsen Tour 1 2020 GK