Ynskjer du å starte med å spele golf?

Golfen sin eigenart der få personar går i lag og med god avstand gjer at vi kan drive idretten vår omlag som før, men med restriksjonar. No har golfforbundet laga nye retningslinjer som gjer at vi kan starte opp med "Vegen til golf" kurs. Når du har tatt dette kurset og er medlem i ein golfklubb, kan du spele på stort sett alle baner rundt om i verda. Kurset kostar kr. 1.500 for vaksne og kr. 600 for barn opp til og med 16 år. Det inkluderer også medlemsskap i Volda golfklubb for 2020 som gjer at du kan spele så mykje du vil på bana vår i Vassbotnen i år. Vi kjem fortløpande til å ta inn kursdeltakarar gjennom heile sesongen.

 

Kurset under Korona er sett opp slik:

 

  1. Ta kontakt med Volda golfklubb på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. for påmelding. Klubben sender ut lenke til e-læringskurset som tek for seg teoridelen av kurset.
     
  2. E-læringskurs. Dette kan du ta i fred og ro heime. Omfanget er omlag ein time. Golfforbundet anbefalar at du tek kurset på ei datamaskin slik at du kan ha oppe kursmateriellet der du finn "fasiten" medan du svarar på spørsmåla. Om du svarar feil så får du beskjed om det og kan svare om igjen til du har valgt rett svar. Når du er ferdig med e-læringskurset så får du eit diplom som du sender inn til klubben på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..
     
  3. Praktisk del av kurset. Omfang er minimum fem timar. Instruktør frå klubben vil gjennomføre denne delen i lag med inntil fire kursdeltakarar i gongen. Her får du prøve forskjellige typar slag på vårt treningsområde (drivingrange, øvingsgreeen og bunker) i tillegg til spel ute på golfbana. Vi er fleksible på denne delen slik at alle får gjennomført den praktiske delen av kurset. Om du ikkje har golfutstyr så har klubben utstyr du kan låne.
     
  4. Bestått og betalt kurs gjev kursbevis og medlemsskap i Volda golfklubb. Bestått kurs er gjennomført teoridel og deltakelse på praktisk del av kurset. Det er ingen eksamen eller ferdighetsprøve for å få godkjent kurset.

 

Vel møtt til kurs!

 

VTG