Bana er opa 

No startar turneringane

Då har vi endeleg fått lov å arrangere turneringar igjen. I første omgang er det lukka turneringar dvs. berre for medlemmer i Volda golfklubb. Dei som har nabomedlemsskap frå Sunnmøre golfklubb er også sjølvsagt velkomne til å delta. Vi har lagt ut i kalenderen SkOlsen Tour, SkOlsen Scramble, raud, snor, osb., Vårspretten Felleskjøpet Open, Toyota Sunnmøre matchplay cup og klubbmesterskapet. Nordvest Tour og andre sponsorturneringar kjem vi attende til når vi får lov å arrangere det. Vi har sett på resultata av undersøkinga og har gjort nokre endringar for å imøtekome ynskja. 14. juni har vi lagt inn ei turnering for dei med over 36 i handicap. Dette har vore etterlyst og om det vert ein suksess så kjem vi til å prøve å halde fleire slike turneringar. Vi har også endra ein del av SkOlsen turneringane i den lyse delen av året til 18 hols. (Gjeld ikkje SkOlsen Touren). Vi startar den 23. mai med ein opningsdag på gruppespelet i Toyota Sunnmøre Matchplay cup og håper å få avvikla mange matchar den dagen. Webjørn legg no ut ein del turneringar i Golfbox og eg håper at mange melder seg på så tidleg som mogleg.

Vi har fått nokre retningslinjer frå NGF om arrangering av turneringar. Vi får ikkje benytte shotgun start og må avvikle turneringane med løpande start for at færrast mogleg skal samle seg før turneringa Vi får heller ikkje halde premieutdeling i etterkant. Klubbhuset er fortsatt stengt for medlemmane men representantar frå turneringsnemda vil gjere før- og etterarbeid inne på klubbhuset. Med dei andre retningslinjene vi har fått kjem vi til å arrangere turneringane på denne måten:

  • Påmelding må skje seinast 2 timar før start.
    • Dette er for at turneringsnemda skal få tid å generere startliste og få lagt ut den.
  • Betal turneringa på Vipps når du melder deg på
    • Turneringsnemda held kontrollen på kven som har betalt, også dei som har førehandsbetalt for heile sesongen.
  • Ikkje møt opp alt for tidleg.
    • Når turneringsnemda har generert startliste og publisert den så vil du få melding om når du skal gå ut.
    • Møt opp i passe tid før utslag. Om du skal varme opp så reknar du i tillegg med tida det tar å slå ei "bøtte" og chippe nokre par ballar.
    • Vi ynskjer ikkje ei oppsamling med spelarar som kjem ein time før utslag.
  • Scorekort
    • Ein i turneringsnemda skriv ut scorekort, har på seg eingongshanskar og deler ut scorekort ved klubbhuset
    • To stykker i flighten hentar scorekort og fører for alle i flighten på runda.
    • Kontroller scorekorta mot kvarandre
    • Berre eit av scorekorta skal leverast inn.
    • De skal ikkje sende rundt scorekort for signering. Det er nok at den som har ført scorekortet som vert levert inn signerer.
    • Godkjendt scorekort skal leverast etter runda ved klubbhuset
  • Når turneringsnemda har fått lagt inn resultatet frå turneringa vert resultatlista publisert i golfbox og på voldagolf.no
  • Premiane vert delt ut på påfylgjande turnering rett før vinnarane går ut.

 

Toyota sunnmre matchplay cup SkOlsen Eurosko farge 2 felleskjopet logo 555x108