Bana er stengt 

Avslutningsturneringa

Det vart ein noko trå start på dagen då temperaturen i natt har vore ned mot frysepunktet. Det var ikkje frost i bakken men det var litt rim i graset så turneringa vart utsett ein halvtime så sola fekk ta godt over heile bana. I staden for shotgunstart der alle flightane startar på forskjellige utslag så gjekk halvparten ut frå utslag 1 og den andre halvparten frå utslag 6. Det var ti minutts mellomrom mellom flightane. Det gjorde at hol 4 og 5 fekk mest mogleg sol før vi kom dit. Dei 25 påmelde golfarane tok dette med godt humør og stor forståing.

Avslutningsturneringa er ei rein stableford turnering over 18 hol. Det var mykje god golf og råast av alle var Torstein Akslen Lianes som gjekk på 43 poeng som var to poeng betre enn Jan Erik Myklebust på andreplassen. Rune Strømmen tok tredjeplassen på 39 poeng.

Det kjennest ikkje så lenge ut sidan vi starta med opningsturneringa 1. mai som er 39 turneringar sidan. Sesongen har gått utruleg raskt!

Det einaste som står igjen er finalen i Toyotoa Sunnmøre Matchplay cup som er mellom Jan Egil Gretland og Torstein Akslen Lianes. Begge spelarane har storspelt i haust og det vert ein spennande finale.

2019 10 13 17.24.33 2
Torstein Akslen Lianes (vinnar), Joar Voldsund, Rune Strømmen, Jan Egil Gretland og Jan Erik Myklebust
 
Resultat avslutningsturnering
2019 10 13 10.47.03 2
2019 10 13 12.09.36 2
2019 10 13 13.49.45 2
2019 10 13 14.07.57 2
2019 10 13 14.08.12 2
2019 10 13 15.47.20 2
2019 10 13 15.47.23 2
2019 10 13 16.10.13 2