Bana er stengt 

SkOlsen Tour 2019

Det var stor spenning før start om Rune og Sindre ville klare å halde på leiinga totalt eller om Olav og Helge som låg på fjerdeplass ville klare å ta dei igjen. Jan Egil var bortreist og kunne ikkje gjere noko til eller frå med sin tredjeplass. Men Olav og Helge klarte ikkje å gripe sjansen og fekk ikkje ei betre runde enn dei hadde frå før og beholdt dermed fjerdeplassen totalt. Sindre og Rune gjekk begge gode runder. Sindre på heile -3 og Rune på -1. Sindre tok dermed sigeren i årets SkOlsen Tour på 164 slag. Rune kom på andreplass med 166 slag og på tredjeplass kom Jan Egil Gretland på 169.

Sindre er den einaste som i år har vore med på alle tolv turneringane i SkOlsen Touren. Han har hatt ei fin utvikling i handicap. På SkOlsen Tour 1 starta han med 23.6 i handicap og enda SkOlsen Tour 12 med 14.6

Rune Strømmen tok sigeren i brutto klassa med 180 slag. Lars Kåre kom rett bak på 181 og jan Egil på 182.

I Eclectic så var det Lars Kåre som fikk færrast slag. Han enda på 61 slag medan Jan Egil tok andreplassen på 62 slag. Det vart delt tredjeplass på 63 slag mellom Joar Voldsund og Rune Strømmen.

Ein stor takk til SkOlsen som har sponsa SkOlsen Touren med veldig flotte premiar.

SkOlsen Eurosko farge 2
 

Orders of Merit 2019

Resultat OOM SkOlsen Tour 2019

Orders of Merit SkOlsen Tour brutto 2019

Resultat OOM Brutto SkOlsen Tour 2019

Orders of Merit SkOlsen Tour Eclectic 2019

Resultat OOM Eclectic1 SkOlsen Tour 2019
Resultat OOM Eclectic2 SkOlsen Tour 2019
 
2019 10 05 16.33.27
Vinnar av SkOlsen Tour 2019 på veg ned mot green 6.