SkOlsen Scramble

Den siste helga i september vart avslutta med nattgolf på fredagen og scramble på laurdag. Sjølv om det vart seint på nattgolfen så var det ein opplagt og speleklar gjeng som stilde til turnering på laurdagen også. SkOlsen Scramble gjekk i strålande haustver med 17 deltakarar fordelt på 8 lag. Leon Myrvåg og Sindre Winjevoll, og Jostein Digernes og Jan Trygve Gretland gjekk begge på -4 og sikra med det delt seier. Familien Gretland har stort sett vore representert på pallen denne hausten og turneringa i dag var ikkje noko unntak. Ole Gretland som gjekk vegen til golf kurset no i haust gjekk si første turnering i lag med far og bestefar. Det vart ikkje pallplass i dag men vi skal ikkje sjå vekk i frå at han vil vere med å kjempe om pallplasseringar framover.

Det nærmar seg slutten på sesongen og neste helg er det avslutning på SkOlsen Touren. Der er det tett i teten så siste turneringa kan snu om på resultatlista. Den 12. oktober klokka 12 er det avslutningsturneringa. Denne går over 18 hol. Vi håper på fortsatt fint ver og godt oppmøte.

2019 09 28 18.02.24 2
Vinnarane Jostein Digernes, Jan Trygve Gretland, Leon Myrvåg og Sindre Winjevoll.
 
Resultat SkOlsen scramble
 
2019 09 28 16.40.52 2
Flott innspel på hol 5 av Leon Myrvåg frå vinnarlaget.