Veien til golf kurs med start 19. august

Måndag 19. august klokka 18.00 startar vi med "Veien til golf" kurset på klubbhuset i Vassbotnen. Kurset går over fire kveldar der første kvelden er teoretisk medan dei tre andre kveldane er praktisk opplæring. For å kunne spele golf på ei golfbane så må du ha tatt dette kurset.

Kurset kostar kr. 1.500 for junior og vaksne og kr. 600 for barn opp til 16 år. Inklusiv i prisen for kurset er medlemskap i Volda golfklubb som gir deg rett til å spele på bana vår i Vassbotnen heile sesongen 2019. I tillegg gir vi deg også medlemsskap for sesongen 2020 om du tek kurset no i haust.

Om det ikkje høver for deg denne gongen så satsar vi også på å halde eit kurs i slutten av september.

Om du ynskjer å starte med å spele golf så kan du melde deg på kurs med å sende ein epost til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it..

Provgolf still 5