Greenfee, fjernmedlemmer, nabomedlemsskap med meir.

Det er kjekt å sjå ukjende spelarar på bana vår frå inn og utland. At enkelte kjem igjen fleire dagar på rad tyder på at dei trivest i Vassbotnen. Banemannskapet vårt gjer ein framifrå jobb og held bana i veldig god stand. Dei siste brune flekkane på green 4 og 7 har fått fine grøne striper med gras etter Rune sitt siste kjøp, ei Verti Seed såmaskin. Det er nok ikkje lenge før alt er grønt og fint. Pass på at de ikkje trakker på desse områda så det får fred til å gro.

Ein del av våre fjernmedlemmer kjem heim på ferie for å spele golf., noko som er veldig hyggeleg. Vi minner på at fjernmedlemmene også må betale greenfee. Dette gjeld også sjølv om dei har andel.

Vi har eit godt samarbeid med vår naboklubb Sunnmøre golfklubb og har ein avtale om nabomedlemsskap. Dvs.at våre medlemmer kan melde seg inn i Sunnmøre golfklubb for kr. 1.500 og spele så mykje ein ynskjer på bana deira og omvendt. Vi vil oppmode deg om å nytte deg av dette tilbodet.

Har du kjende som ynskjer å starte med golf så bør du nytte deg av kampanjen "Ta med ein venn". Du brukar registreringsskjemaet som ligg i klubbhuset så kan du ta med deg ein ven ut på bana å spele ei runde.

Vi satsar på eit nytt Veien til golf kurs i august. Det kjem meir informasjon når vi har fått spikra dato for kurset.

Med ynskje om ein fortsatt god golf-sommar

Olav Trandal
Leiar Volda golfklubb