Nordvest Tour Volda - Tess Open

Heile 44 spelarar deltok på Nordvest Tour Volda - Tess Open fordelt på tre klasser. I kvar klasse vart det konkurrert i brutto og stableford. Nordvest Tour er eit samarbeid mellom ni golfklubbar på sunnmøre og i nordfjord. Det er Ålesund golfklubb, Sunnmøre golfklubb (Ulstein/Hareid), Volda golfklubb, Vanylven golfklubb, Stranda golfklubb, Nordfjord golfklubb, Selje golfklubb, Sandane golfklubb og Sunnfjord golfklubb.

I junior klassa vart det heilt likt mellom dei to juniorane Andreas Årseth (Sunnfjord GK) og Kristoffer Trandal (Volda GK). Begge gjekk på 77 slag og med omlag heilt likt handicap så enda begge på 31 poeng. 

Brutto vaksen vart vunne av Bjørn Julius Ulstein Vattøy (Sunnmøre GK) Han gjekk på 71 slag som er eit slag over banepar. Rett bak kom Tore Gjerdalen (Sunnfjord GK) på 72 slag og Jan Egil Gretland (Volda GK) på 73 slag. Tore Gjerdalen (Sunnfjord GK) gjekk på heile 43 poeng og vant i stableford. På andre plass kom Dag Roar Ørsal (Volda GK) på 41 poeng og på tredje plass var det Bjørn Julius Ulstein Vattøy (Sunnmøre GK) på 40 poeng. Det var mykje godt spel i vaksenklassa og heile 7 stk. får ei justering ned i handicap.

Det var også mykje godt spel i seniorklassa. Tore Naustdal (Nordfjord GK) brukte færrast slag i seniorklassa. Han gjekk på 76 slag. Per Kristian Langlo (Volda GK) vart nummer to med 81 slag. Joar Voldsund (Volda GK) og Robert Graham (Sunnmøre GK) delte tredjeplassen med 82 slag. Dei to første plassane i stableford gjekk til dei same som i brutto. Tore fekk 40 poeng og Per Kristian gjekk på sitt handicap på 36 poeng. Tredjeplassen vart også her delt men Joar var bytta ut med Jon Tore Sætre (Vanylven GK) som delte med Robert Graham.

Det var også konkurrert i nærast pinnen på hol 11 og lengste utslag på hol 18. Det var Thomas H. Pettersen (Sunnmøre GK) som var nærast pinnen og landa 3 meter og 93 centimeter frå holet. Den som slo lengst på hol 18 var Kristoffer Trandal.

Det var mykje skryt frå dei tilreisande for ei flott bane. Det skal vi bringe vidare til banemannskapet som legg ned mykje arbeid for at vi skal ha ei slik flott bane her i Volda. Vi vil også takke Tess Ørsta/Volda i Hovdebygda med avdelingsleiar Arthur Geir Brænne som har stilt med flotte premiar til vinnarane. Det var bekledning, verktøy, støvsugar og elektroverktøy som vinnarane kunne ta med seg heim. Ein stor takk til damegruppa som stilde i kiosken og serverte slitne golfarar kaffi, vafler og kaker for å få blodsukkeret i (u)balanse.

NB! Det er lagt inn fleire bilder under resultatlistene.

 

 2019 06 02 16.21.33 1 2
Jan Egil Gretland, Dag Roar Ørsal, Jon Tore Sætre, Thomas H. Pettersen, Andreas Åresth, Per Kristian Langlo, Kristoffer Trandal, Bjørn Julius Ulstein Vattøy, Joar Voldsund og Tore Naustdal.
 
 Junior Brutto
 NVT Volda brutto junior
 Junior Stableford
NVT Volda Stableford junior
 Voksen Brutto
NVT Volda voksen brutto
Voksen Stableford
NVT Volda voksen stableford
Senior Brutto
NVT Volda senior brutto
Senior Stableford
NVT Volda senior stableford
 
2019 06 01 18.20.02 2
Flotte premiar frå Tess.
 
 2019 06 02 10.43.28 2
 
 2019 06 02 10.43.48 2
 
2019 06 02 10.43.55 2
 Klare til start.
2019 06 02 13.56.07 2
Når det er så mange som 44 spelarar på bana så vert det tid til ein liten pust i bakken. Jan Egil gjekk med paraplyen oppe heile turneringa for å halde regnet vekke. (Vi er ikkje overtruiske)
2019 06 02 14.12.16 2
Kasserar Peder Barstad  ved green på hol 3.
2019 06 02 14.12.52 2
Robert Graham klar for innspel på green på hol 3.