SkOlsen 2-kølle turnering

Tretten barske karar trossa ver og vind denne siste onsdagen i mai. Med nysnø i fjella og regnet som ausa ned som på ein somardag i Bergen så tømde dei baggane sine for køller, utanom to pluss putter. Det er mange vurderingar i valet av desse to køllene og nesten same kva ein vel så vert dei andre 11 køllene sterkt sakna desse timane. Nokre takla fråværet av køller betre enn andre og den som takla det best denne kvelden var Torstein Lianes som gjekk av med sigeren. På dei neste plassane så kom Jan Egil Gretland og Per Kristian Langlo.

No håper vi på meir sol og varme framover. 

 Vinnar SkOlsen to kølle
 Jan Egil Gretland, Torstein Lianes (Vinnar) og Per Kristian Langlo
 
Resultat SkOlsen to kølle