Oppstart barnegolf tysdag 21. mai klokka 18.30

Tysdag 21. mai 2019 klokka 18.30 startar Volda golfklubb opp med barnegolf. Det vert for barn i alderen 7 til 12 år. Det vert treningar kvar tysdag fram til sommarferien i første omgang. Vi har alt du treng av utstyr så du treng ikkje kjøpe eige utstyr. Det er berre å møte opp på golfbana i Vassbotnen. Det er fritt fram for å kome å prøve om de er usikre på om dette er noko ein vil vere med på eller ikkje.