Ny hovudsponsor for Volda golfklubb

SpareBank 1 Søre Sunnmøre er ny hovudsponsor for Volda Golfklubb.

Torsdag ettermiddag signerte SpareBank 1 Søre Sunnmøre og Volda Golfklubb ein avtale der banken blir hovudsponsor for dei to neste åra. SpareBank 1 Søre Sunnmøre har hovudkontor i Volda, og ein del av samfunnsoppdraget vårt som sparebank er å støtte aktivitet i lokalsamfunnet. Volda Golfklubb er ein godt etablert klubb med har mange aktive medlemmar i ulike aldersgrupper. Vi gler oss til å vere med å utvikle klubben vidare som hovudsponsor, seier Arne Lothe i SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Styreleiar for Volda Golfklubb, Olav Trandal, er glad for at SpareBank 1 Søre Sunnmøre går inn som hovudsponsor. Vi i Volda golfklubb er svært glade for å få Sparebank 1 Søre Sunnmøre med på laget igjen. Støtta frå banken gjer at vi kan konsentrere oss om å utvikle klubben til det beste for medlemmane våre. Vi håper at endå fleire frå nærområdet får opp augene for det flotte anlegget vi har i Vassbotnen og vil vere med å spele golf.

Volda, den 8. mars 2019

 

Volda Golfklubb