Golfkurs 4. juni

Våren siste golfkurs startar 4. juni. Om du deltek på dette kurset har du moglegheit å kunne spele golf i sommarferien på alle baner i verden. Kurset kostar kun kr 1500 for vaksne og 600 for born/junior. På kurset lærer du om korleis ein spelar golf, både i praksiss og teori, du vil få kunnskap om dei ulike reglar, oppførsel og ikkje minst gleda av å kunne kjenne på meistringsfølinga det er å lukkast ved å treffe ballen meir enn to gongar på rad.... Tek du kurset no så får du fritt spel på bana i Volda ut året. Kursstart kl 18:00 på klubbhuset. Kursinstruktør teori: Harald Indresøvde, praksiss på treningsfeltet med Amund Yksnøy Bergmann.

Påmelding ved å sende mail til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.