Bana er opa 

Klubbmeisterskapen 2016

Etter ei periode med svært mykje nedbør var det før helga knytt stor spenning til baneforholda i Vassbotnen. Golfbana overraska positivt igjen - sjølv om det var vått var det godt spelbart laurdag førmiddag.

Ole Magnus Orlien var klar førehandsfavoritt i brutto slagspel i herreklassa. I seniorklassa var det mykje opnare og i og med at seniorgrensa i år er flytta frå 55 til 50 år vart det straks fleire deltakarar i denne klassa i år.

Ole Magnus Orlien (t.v.) vart i helga klassevinnar i herreklassa og klubbmeister. Kristoffer Trandal vann juniorklassa.

Etter første dag tok Orlien leiinga i herreklassa med ei sterk runde på 64 slag. På plassane bak kom Jan Egil Gretland med 75 slag og Webjørn Yksnøy Bergmann med 77 slag. I seniorklassa var det litt jamnare i teten, med Per Arve Hovde med 77 slag, Joar Voldsund med 80 slag og Per Kristian Langlo med 83 slag som dei tre beste resultata. Kristoffer Trandal var åleine i juniorklassa og opna med ei runde på 86 slag. I stableford-konkurransa leda Per Arve Hovde og Helge Eltvik med 37 poeng etter første dag, tett fylgt av Ole Magnus Orlien med 36 poeng, Jan Egil Gretland og Webjørn Y. Bergmann begge med 35 poeng. Med tanke på forholda og vêret er dette imponerande resultat. 

 

Dag to i meisterskapen kunne by på mykje betre vêr, stort betre enn dette kan ein knapt ønskje seg i oktober. Beste herrespelar, seniorspelar, juniorspelar og leiar av stablefordkonkurransen vart tatt ut i leiargruppa. Resten etter laurdagens samla resultatliste.

 

Kristoffer Trandal forbetra skåren sin frå laurdagen med 7 slag og endte med eit respektabelt resultat på totalt 165 slag. I seniorklassa heldt Per Arve Hovde leiinga, men ikkje heilt utan spenning. Etter ein litt trøblete start henta han seg inn igjen og vann til slutt klassa med 2 slag til nestemann på lista, Johan Liadal. Liadal låg før søndagen på ein 4. plass, men med ei ny god runde på 85 slag klatra han til sølvplass. På tredjeplass kom Joar Voldsund. I herreklassa var det ein jamn kamp om andreplassen mellom Jan Egil Gretland og Webjørn Y. Bergmann. Dei to låg lenge likt, men Gretland viste seg meir stabil og dei to gjekk inn til likt resultat for dagen, 75 slag, og Gretland tok dermed andreplassen to slag føre Bergmann. Ole Magnus Orlien forsvara 9-slags leiinga frå første dag med ei ny sterk 72-runde, totalt 138, og vann dermed både herreklassa og klubbmeisterskapen 2016.

 

I stableford-konkurransen tok Bergmann sigeren med eit aldri så lite byks på resultatlista, med eit samla resultat på sitt par. Gretland tok andreplassen to poeng bak og Orlien tredjeplassen fire poeng bak der igjen.

 

Søndagen vart det også konkurrert i lengste utslag på hol 9 og 18, og nærast flagget på hol 7 og 16. Lengste utslag vart vunne av Webjørn Y. Bergmann med eit utslag på ca. 250 meter. Ole Magnus Orlien kom nærast flagget med 295 cm.