Bana er stengt 

iBulgaria Open

Sjølv om det er midt i ferien så stilte heile 49 golfarar opp i turneringa iBulgaria Open. Det vart nok ein spennande golfdag i Vassbotnen i strålande sommarver.

Det vart dessverre ikkje delt ut bil i dag heller som hole in one premie på hol 2. Ein kunne velge mellom ein Kia eller ein Peugeot til ein verdi på kr. 500.000 som var sponsa av Volda Bil AS og Volda Bilsenter AS.

Det vart premie til dei sju beste både i bruttoslag og nettoslag i tillegg til lengste utslag på hol 9/18 og nærast holet på hol 7/16. Hovudpremien er ein vekes golftur til Bulgaria i september som vart trekt mellom vinnaren i nettoslag og bruttoslag.

Det vart også i dag omspel då det var to med lik poengsum i nettoslag. Det var Per Kristian Langlo frå Volda golfklubb og Robert Buchan Graham frå Sunnmøre golfklubb som begge gjekk på -4. Omspelet vart avgjort på hol 1 der det vart heimesiger. På 3. plass kom Kristoffer Trandal på -2 og på delt 4. plass kom Greg Skjeret Coleman, Jan Egil Gretland, Sjur Hamar, Dag Roar Ørsal, Amund Yksnøy Bergmann og Torbjørn Strand på par.

I bruttoslag kom Greg Skjeret Coleman frå Ålesund golfklubb på 1. plass med 70 slag. På dei neste plassane kom Anthony John Coleman på 75 slag, Jan Egil Gretland på 75 slag, Kristoffer Trandal på 76 slag, Robert Buchan Graham på 76 slag, Per Kristian Langlo på 77 slag og Tony Leknes på 78 slag.

I trekninga om hovudpremien mellom Per Kristian Langlo og Greg Skjeret Coleman var det Greg som vart trekt ut som vinnar. Greg hadde også lengste utslaget av herrane på hol 9/18. Av damene så var det Elsie Hansen som også i dag var lengst. Øivind Andre Tveiten var nærast holet på hol 7/16.

Volda golfklubb er veldig førnøgd med at det var så mange gjestespelarar som var med på turneringane denne helga. I dag var det spelarar frå Kjekstad golfklubb, Larvik golfklubb, Rauma golfklubb, Sunnmøre golfklubb, Vanylven golfklubb og Ålesund golfklubb i tillegg til Volda golfklubb.

Fullstendig resultatliste kan du finne ved å klikke her.

 iBulgaria vinnarane web
 Frå venstre: Elsie Hansen, Tony Leknes, Greg Skjeret Coleman, Anthony John Coleman, Per Kristian Langlo, Robert Buchan Graham, Øivind Andre Tveiten, Kristoffer Trandal og Jan Egil Gretland
 iBulgaria hol3
 Ein av flightane på hol 3.
iBulgaria omspel1
Mange tilskodarar under omspelet.
iBulgaria omspel2
Per Kristian slår seg inn på green på hol 1.