Bana er stengt 

Skeidar Open

I strålande solskin vart Skeidar Open arrangert i Vassbotnen. Heile 42 spelarar deltok på turneringa. Spenninga var stor før start med tanke på at ein kunne vinne ein Kia eller Peugeot til ein verdi av kr. 500.000 om ein fekk ballen rett i holet på hol 2. Det var dessverre ingen som klarte det i dag men i morgon er det ein ny mulighet i turneringa iBulgaria Open.

Det vart premie på dei fire beste i både bruttoslag og nettoslag. I tillegg var det premie til nærast pinnen på hol 7/16 og lengste drive på hol 9/18. Hovudpremien, ein rotting hjørnesofa med bord frå Skeidar vart trekt mellom vinnar i nettoslag og bruttoslag. I tillegg var det andre fine premiar som grillar, speglar, fluktstolar med meir som også var gitt av Skeidar i Hovdebygda.

I nettoslag var det Johan Liadal som vant med heile -6, tett fulgt av Kristoffer Trandal på -5, Peder Barstad på -4 og Webjørn Yksnøy Bergmann på -2. På bruttoslag var det tre stykker som gjekk på like mange slag. Johan Liadal, Kristoffer Trandal og Jan Egil Gretland gjekk alle på 74 slag (4 slag over banepar) og Webjørn Yksnøy Bergmann på 76 slag. Det vart difor omspel på dei tre beste for å få ein vinnar. Det vart avgjort allereie på hol 1 der Kristoffer gjekk på 4 slag medan Jan Egil og Johan var svært nære ved å få sitt fjerde slag i koppen. Vinnar vart difor Kristoffer Trandal i bruttoslag. Leiar i Volda Golfklubb Jan Erik Myklebust trekte hovudpremien blant vinnarane i netto og bruttoslag og det var Kristoffer som var den heldige og fikk reise heim med hovudpremien.

Lengste slag på hol 9/18 var Peder Barstad av herrane og Elsie Hansen av damene. Nærast holet på hol 7/16 var Halvor Pettersen.

For fullstendig resultatliste m.m. klikk her!

 

 Skeidar vinnarane web
 Frå venstre: Peder Barstad, Kristoffer Trandal, Johan Liadal, Jan Egil Gretland og Webjørn Yksnøy Bergmann.
 Skeidar omspel web
 Spennande omspel.
Skeidar omspel Gretland web
Jan Egil Gretland slår ut i omspelet med nokre av dagens deltakarar som tilskodarar.