Bana er opa 

Det var heile 22 spelarar med på onsdagens SkOlsen Tour og det kom ikkje som noko sjokk på nokon at det var litt regn i lufta. Det vart heldigvis ikkje mykje regn men det var heftig vind som skapte utfordringar for dei fleste. Svein Aasen takla forholda bra og tok sigeren på -1. Jan Gundersen hadde same skore men lågare handicap og fekk andreplassen. Joar Vollsund, Johan Liadal og Kenneth Sekkeseter Strand gjekk alle på +1 og delte tredjeplassen.

I Grøntkort-klassa var det berre ein spelar,  men han gjekk til gjengjeld veldig bra og hadde slått alle med god margin om det var berre ei klasse. Andreas Nupen gjekk på -9 og går kraftig ned i handicap.

 

2022 08 10 20.21.08

Andreas Nupen (vinnar GK), Svein Aasen (vinnar), Joar Voldsund og Johan Liadal.

 

Resultat SkOlsen Tour 8 2022

Resultat SkOlsen Tour 8 GK 2022

Onsdagens SkOlsen turnering var 18-hols scramble med trearlag. Kristian Sekkeseter Strand, Roy Inge Nupen og Helge Eltvik gjekk på -14 og tok med det sigeren. Bak dei så var det tre lag som delte andreplassen med -10.

Veret var av det fuktige slaget, men temperaturen var veldig bra.

2022 08 03 21.23.34

Vinnarlaget: Kristian Sekkeseter Strand, Roy Inge Nupen og Helge Eltvik.

 

Resultat SkOlsen 18 hols scramble 2022

I SkOlsen Raud så går alle deltakarane frå raudt utslag. For dei aller fleste så kjem ein litt nærare holet, men ein får litt færre tildelte slag og ein må bruke litt andre køller enn ein er vant til då ein landar på andre stadar enn ein gjer til vanleg. Like visst som det er onsdag og turnering, så kom regnet. Til trass for det så var det 17 deltakarar med denne kvelden. Olav Trandal gjekk si livs runde på 74 slag, fire slag over banepar. Justert for handicap så vart resultatet -6 og siger. Nærast var Joar Voldsund på -5 som hadde ei runde på 66 slag. Johan Liadal tok tredjeplassen på -3.

2022 07 20 21.58.46 2

Kennet Rusten, Helge Eltvik, Olav Trandal (vinnar) Joar Voldsund og Oddvar Stranden.

 

SkOlsen logo

Resultat SkOlsen raud 2022

Etter seks turneringar og halveis i årets SkOlsen Tour så er samanlagt stillinga slik for dei som har gått fem turneringar eller meir:

SkOlsen Tour 2022 - Netto

Resultat SkOlsen Tour OOM halveis

 

SKOlsen Tour 2022 - Brutto

Resultat SkOlsen Tour OOM brutto halveis

 

SkOlsen Tour 2022 - Eclectic

Resultat SkOlsen Tour OOM Eclectic halveis

 

SkOlsen logo

Det var berre 7 deltakarar på onsdagens SkOlsen Tour, som ber preg av at det er sommarferie og framleis regntid på Sunnmøre. Til trass for få deltakarar så var det mykje godt spel. Johan Liadal og Harald Indresøvde gjekk på -1, men Johan har lågare handicap og fekk med det førsteplassen. Rett bak dei på par var Joar Voldsund. Johan har begynt å finne forma og kan bli skummel utover hausten. Harlad og Joar har vore jamne gjennom heile sesongen og har stort sett vore på pallen på kvar turnering.

IMG 4666

Joar Voldsund, Johan Liadal (vinnar) og Harlad Indresøvde

SkOlsen logo

Resultat SkOlsen Tour 6 2022

 

Søndag 3. juli arrangerte Volda golfklubb, Sparebank 1 Søre Sunnmøre Open. Det var konkurrert i både Stableford og brutto. 

Det var 20 spelarar som trassa det ustabile sommarveret og fekk seg ei flott runde i Vassbotnen. Joar Voldsund hadde ei veldig god runde og gjekk på 74 slag som er 4 slag over banepar. Nærast Joar var Petter Hansen og Johan Liadal på 76 slag. I Stableford var det Johan Liadal som tok ein suveren siger med heile 44 poeng. Bak Johan var det fem spelarar på 37 poeng. Når det er lik poengsum så er det den med lågast handicap som går vert dømt først. Det gav denne rekkefølgja: Joar Voldsund, Jon Tore Sætre, Olav Trandal, Ståle Eikrem og Trond Are Ryste.

I dameklassa var det Mari Chluba som brukte færrast slag og vant med 91 slag over Grete Eikrem på 96. I Stableford var det snudd rundt og Grete vant med 30 poeng over Mari på 24.

Det var ingen deltakarar i grøntkort klassa.

Det var også konkurrert om lengste utslag på hol 18 og nærast pinnen på hol 7/16. Petter Hansen var den som slo lengst frå gult utslag og Svein Aasen frå raudt utslag. Kenneth Rusten var den som kom nærast pinnen på hol 7/16 med 1 meter og 77 centimeter.

Etter turneringa var det premieutdeling i klubbhuset med flotte premiar frå Sparebank 1.

2022 07 03 15.55.05

Petter Hansen, Kenneth Rusten, Dag Roar Ørsal, Mari Chluba (vinnar brutto dame), Joar Voldsund (vinnar brutto herre), Svein Aasen, Johan Liadal (vinnar Stableford herre), Jon Tore Sætre og Olav Trandal.

 

Nokre stemningsbilder frå fotograf Rune Strømmen.

IMG 20220703 194145

IMG 20220703 194142

IMG 20220703 194129

IMG 20220703 194137

I samarbeid med vår hovudsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre inviterer vi til Sparebank 1 Søre Sunnmøre Open, søndag 3. juli klokka 11. Det vert konkurert i Stableford og brutto i herreklasse, dameklasse og Stableford i GK-klasse. Det vert også premiar for lengste utslag på hol 18 og nærast holet på hol 7/16.

Påmeldingsfrist er 3. juli klokka 09.00

KLIKK HER FOR Å KOME DIREKTE TIL TURNERINGA

2021 06 27 10.31.37

Turneringsleiar Jan Egil Gretland vil også i år ta i mot deltakarane.

2021 06 27 16.18.48

Også i år vert det flotte premiar frå vår hovudsponsor Sparebank1 Søre Sunnmøre

Då er resultata frå gruppespelet i Toyota Sunnmøre Matchplay cup klare. Dei to beste i kvar gruppe går vidare til sluttspelet.

Gruppe 1
1. Helge Eltvik
2. Peder Barstad
3. Webjørn Yksnøy Bergmann
4. Trond Are Ryste

Gruppe 2
1. Jan Egil Gretland
2. Jan Trygve Gretland
3. Joar Voldsund

Gruppe 3
1. Johan Liadal
2. Are Myklebust
3 Svein Solum

Gruppe 4
1. Rune Strømmen
2. Per Kristian Langlo
3. Olav Trandal

Dette gjev følgjande matchar i sluttspelet:

Helge Eltvik - Jan Trygve Gretland
Jan Egil Gretland - Peder Barstad
Johan Liadal - Per Kristian Langlo
Rune Strømmen - Are Myklebust

Toyota sunnmre matchplay cup

 

Det ser ut som vi skal få regn på alle turneringane i år, men til tross for litt fuktig ver så var det god temperatur og mykje godt humør. Harald Indresøvde gjekk best av dei 21 spelarane som stilde til start. Han gjekk på -2 og hadde Joar Voldsund og Helge Eltvik rett bak seg på -1. Andreas Nupen vant grøntkort klassa. Det går rykter om storspel så det er ikkje lenge før Andres gjev Harald og resten av gjengen ein god fight i den andre klassa.

 

2022 06 15 20.26.52

Harald Indresøvde (vinnar), Joar Voldsund, Andreas Nupen (vinnar GK) og Helge Eltvik

 

Resultat SkOlsen Tour 4 GK

Resultat SkOlsen Tour 4